Dirigent Trent Bruner ved pianoet er glad for å ha med seg Endre og Eirik Hodneland som tonefølgje.

Svenske godisar i OnarTun

Publisert av: Martha Nygård Lande
26/10/2022 13:04

Pressemelding

Svenske godisar i OnarTun

Søndag 30. oktober inviterer Tysnes kammerkor til konsert og korkafé i OnarTun. Koret garanterer dei frammøtte ei triveleg stund. Ein kvartett frå Strandebarm skal òg syngja.

Konserten denne ettermiddagen inneheld ei lang rekkje flotte glimt frå den rike svenske song- og viseskatten. Publikum vil få glede av å høyra tekstar og musikk frå mange kjende personar. Nemnast kan Olle Adolphson, Nils Ferlin, Cornelis Vreeswijck, Hugo Alfven, Evert Taube, Carl M. Bellmann, Dan Andersson og Åsa Jinder.

Mykje kjærleik

Temaet og den raude tråden i ein del av konserten er fridom og kjærleik, og med krigen i Ukraina og alt anna av vondt og øydeleggjande i verda som bakteppe er fleire av visene og songane svært aktuelle. Mellom dei «Sång til friheten» av Bjørn Afzelius og «Mitt eget land» som Beppe Wolgers har skrive teksten til.

Av kjærleiksviser byr koret på eit fint knippe, m. a.  den kjende «Kärlekens  tid» til melodi av Benny Andersson,  «Du är den  ende» og «Mitt hjärta er ditt». Vakre songar som heilt sikkert vil falla i smak.

Under konserten får publikum høyra tre solistar, og til tonefølgje har koret denne gongen med seg Endre og Eirik Hodneland. Hodnelandfamilien har også tidlegare vore ein god og dyktig musikalsk bidragsytar for kammerkoret.

«Litt av kvart»

Eit hyggeleg innslag under korkafeen i OnarTun blir kvartetten «Litt av kvart» frå Strandebarm. Dei var også med under kammerkoret sin førjulskonsert i Onarheim kyrkje i fjor, der dei gjorde stor lukke. Primus motor er Oddvar Hjertaker. Han fortel at kvartetten vart starta heilt tilfeldig i 2000. Det året var dei fire med i ein komité i Strandebarm Songlag, som skulle ha eit arrangement. Då fann dei ut at dei ville laga ein kvartett som skulle bidra i underhaldninga. Den opplevinga var god og gav meirsmak, så seinare har dei av og til  teke del i konsertar og  ulike arrangement. Det er berre å gle seg til deira framføring.

Under kammerkoret sine tidlegare arrangement i OnarTun har det vore gode frammøte og god stemning. Det same reknar koret med også denne gongen. I tillegg til ein rikhaldig konsert kan koret by på kaffi og kaker med tid til drøs. Det set folk alltid pris på, og så blir det høve til å vinna, for litt «basar» er òg lagt inn arrangementet. Koret håpar at mange tek turen til OnarTun søndag ettermiddag.

Frå éi av øvingane dei seinaste vekene. God konsentrasjon og innleving i tekstane til desse songarane!