Surt heimetap

Publisert av:
24/10/2010 12:13

Njardar sitt gutelag møtte Trane på ein delvis snødekka Vassbakken i går.

Njardar pressa Trane gjennom heile 1.omgong, men det var gjestane som tok leiinga etter corner. Tore Hodneland utlikna med eit flott skot frå 20 meter. Berre ein svært god Trane-keeper gjorde at det stod 1-1 til pause, for Njardar hadde 3-4 store sjansar som keeper redda meisterleg.

På to minutt i 2.omgong scora Trane to mål. Dermed fall litt av guts’en vekk hos Njardar, men dei tok seg opp at siste kvartet. Tore Hodneland hadde ein susar i tverrliggjaren og Tommy Gundersen skaut millimeter utanfor, men som før i år sleit laget med å få ballen i nota. Dermed enda det 3-1 til gjestane frå by’n.

Desse var med: Kjetil Høviskeland, Jon Enes, Markus Ebbesvik, Alf Sundal, Vegard Frøkedal, Torstein Flakke, Tore Hodneland, Andreas Langeland, Morris Skulstad, Daniell Hauge Hansen, Tommy Gundersen, Raymond Epland, Aksel Lande.