Publisert av:
28/7/2009 05:57
Sunniva 1 år
I dag fyller sjarmtrollet vårt 1 år.
Ei travel lita jente som traskar og går
frå tidleg morgon og heile dagen
på stadig jakt etter noko godt i magen.
Du kan metodane som skal til
slik at du får det som du vil.
Om mamma og pappa vil protestera
så let bestefar seg sjarmera
– kan ikkje motstå din sjarmoffensiv –
det lure smilet og så full av liv.
me gler oss over å få sjå deg ofte
når du som nybakt Tysnesing bur på loftet.
I dag blir det nok både kake og is
for me skal feira på skikkeleg vis
med heile familien på kalas,
og mange pakkar, det blir nok stas!
Gratulerer med dagen Sunniva!
Bursdagsklem frå
tante Elin, onkel Jonny, tante Ingvild, onkel Roger, bestefar og bestemor
Me vil og gratulera pappa’n din Vegard med 30-årsdagen i dag.