Sunnhordlands-filmen fekk internasjonal pris
19/6/2015 08:37
Samarbeidsrådet for Sunnhordland, 18. juni 2015
Den høgtidelege utdelinga fann stad på Hotel Venecia Palace i Warszawa, Polen. Tilstade for å motta prisen var konsulent i Zpirit Reklamebyrå, Steinar Hårde, styreleiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland og ordførar i Tysnes kommune, Kjetil Hestad, ordførar i Sveio kommune, Ruth Grethe Ø. Eriksen, og prosjektleiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland, Anne Synnøve Lønne.
Sunnhordlandsfilmen er produsert av Zpirit Reklamebyrå for Samarbeidsrådet for Sunnhordland. Regissør er Simeon Frohm.
Prisen vart tildelt av Alexander V. Kammel, direktør ved International Committee of Tourism Festivals. Som vinnar mottok delegasjonen frå Sunnhordland både statuett og diplom. Sunnhordlandsfilmen vil i tillegg få internasjonal promotering via magasinet Film Art & Tourism.
Formann i juryen har vore produsenten ved det polske animasjonsstudioet Se-ma-for, Zbigniew Żmudzki. Produsenten har sjølv vunne Oscar for produksjonen av „Peter og Ulven”.
Internasjonal interesse
På festivalen fekk dei fire frå Sunnhordland vist og fortalt om filmen og regionen til delegatar frå Tsjekkia, Serbia, Færøyane, Portugal, Spania, Austerrike, Indonesia, Bangladesh, Sør-Afrika og sjølvsagt Polen. Ambassadørane til fleire av desse landa var også tilstade under arrangementet.
Samarbeidsrådet for Sunnhordland blei under festivalen også kontakta av Alexander V. Kammel, som ynskjer at filmen skal delta under Cannes Corporate Media & TV Awards, samt den portugisiske filmfestivalen Art & Tur, som også ynskjer deltaking.
Oppdaga via nettet
Det var i mai at Samarbeidsrådet for Sunnhordland vart kontakta av Film, Art & Tourism Festival i Polen. Dei hadde oppdaga filmen «Where do you want to live?» (Sunnhordlandsfilmen) via youtube og nettstaden til omdømmeprosjektet.
«We are absolutely delighted about your film» skreiv dei, og kunne samstundes opplysa at filmen var plukka ut til å delta i den internasjonale filmfestivalen, som i år feirar 10 års jubileum.
Leiinga ved festivalen fortel vidare at dette ikkje er ein typisk film der ein presenterer flotte hotell og store byar. Her har naturen og dei hyggjelege folka hovudrolla. Her er naturen flott, livet enklare og folk lukkelege. Dei påpeikar også at produksjonen er spesielt god, med musikk som underbyggjer opplevinga. Film, Art & Tourism Festival er glade for å ha Sunnhordlandsfilmen med i den internasjonale kategorien.
