Publisert av:
1/3/2016 09:41
Sundags- akademiet 6. mars
På Sundagsakademiet 6. mars skal det handla om dei som aldri skreiv heim frå Amerika og fortalde om kor fantastisk dei hadde det. Nokre av dei hamna i den såkalla Ørkenen Sur. I 1930-åra budde det 60 000 nordmenn i New York. Alle kjende til slumkolonien der fleire av landsmennene deira hamna, der heimlause, arbeidslause og alkoholiserte menneske budde i jordholer og skur. Det var ein stor skam å synka så lågt at ein hamna her.
Roger Kvarsvik har skrive bok om Ørkenen Sur. På Sundagsakademiet vil han fortelja den tragiske historia, som det også er laga ein dokumentarfilm om. Kvarsvik er utdanna lektor med master i historie, og har forska mykje på og skrive artiklar om norske sjøfolk og emigrantar i USA.
Med i programmet denne sundagskvelden vert også Øyvind Epland, som vil formidla inntrykk frå sitt møte med New York Yacht Club.
Som vanleg vert det ein pause midtveges i programmet med tid til ein kaffidrøs.
Tid og stad: Sundag 6. mars kl. 17, Tysnes folkebibliotek i Tysneshallen.
Arr. Tysnes folkebibliotek i samarbeid med Jåttlaget og Tysnes bygdekvinnelag.