Straumbrot i helga
17/3/2014 10:05
Linja som forsyner Uggdal og Våge fall ut kl.22.45 fredag kveld. Linja let seg ikkje kopla inn att grunna ståande feil.
Mannskap frå Tysnes Kraftlag rykka ut for feilsøking og omkopling. Uggdal og Sjukeheimen fekk straumen att kl 23.25.
I Våge var straumen attende rett før midnatt. Andersland , Dalen og Hollekje fekk att straumen om lag kl 00.45.
Straumstansen førte og til utfall på hovedsentral for fiber i Uggdal ca kl . 23.50.
Det medførte bortfall av alle breibandstenester på heile Tysnes, i vel ein halv time fram til kl 00.25.
Uværet medførte trefall mange stader på øya, Mannskap frå Tysnes Kraftlag arbeidde heile laurdagen med å fjerna tre som hadde lagt seg på lågspentlinjene i løpet av natta. Det førte til brot på straum ogfiber for enkeltpersonar.
Straumen vart ordna på laurdagen, og me reknar med at feil på fiber vert utbetra i løpet av mandagen fortel Lars Enes, Avdleingsleiar nett i Tysnes Kraftlag.