Publisert av:
11/7/2017 09:00
Straumbrot
I ni tida i morges melde fleire kundar i mellom anna Lunde området at dei var utan straum.
Lars Enes ved Tysnes Kraftlag fortel at det er meldt om utfall frå Stussvik til Lunde og vidare utover Tysnes.
Det er ein feil på anlegget, og ein starta umiddelbart feilsøking for å finne årsaka til straumbrotet.
Kraftlaget kobla om slik at dei ramma kundane igjen får straum. Enes fortel at kundane i Lunde området fekk straumen att etter ca ein halv time, kundane ut mot Godøysund fekk straumen att like over kl 10.
Feilsøkinga var ferdig like over kl 10, og det viste seg at det var ei kortslutning i Godøysundområdet ved Store Godøy. Truleg er det ein fugl som har forårsaka kortslutninga.