Publisert av:
13/12/2012 22:20
Strålande juleshow
År etter år serverer tiandeklassingane julashow av beste merke. Så også i år med stor variasjon og flinke skuleelevar som opptrer på scena.
Det om lag tre timar lange programmet inneheldt det meste, og for oss i salen såg det ut som elevane hadde full roen og skulle tru dei ikkje hadde gjort noko anna enn å opptre for fullsett sal. Her var det song, kornett, dans, vitsar, skodespel, drill, film, gitar, trommer, stand-up, lynutlodning, mat og drikke og mykje anna.
Etter eit strålande flott julashow fekk elevane rosande ord både frå rektor og ordførar, og sjølvsagt stor applaus frå salen.
Fekk du det ikkje med deg? Det er nytt show i Vonheim fredag kl 19.
Her litt bilete frå kvelden: