Publisert av:
19/4/2009 19:03
Strålande Fotballens Dag
Njardar/Tysnes sin årlege Fotballens Dag vart arrangert på grasbanen på Reiso i dag.
Dagen byrja klokka tolv og fram til klokka 16 vart det spelt eit uttal av kampar av spelarar i alderen seks til 14 år.
På tribunen sat slekt og vener og nytte det heile i strålande solskin.
Den siste kampen som vart spelt i dag var serie kamp mellom Njardar G14 mot Eldar frå Voss. Denne kampen vann Njardar heile 21-0. Vel var motstandaren svak, men Njardar-spelarane spelte kjempegodt og det var mange flott mål!
Bilete: Arild Pettersen, Magnus Inge Helland og Gunnar Hansen