Stort artistslepp frå Tysnesfest!
7/12/2023 12:14
Avskjedskonsert med Åge & Sambandet og gledelege gjensyn med Hellbillies og Fay Wildhagen
2024 ligg an til å bli eit særs godt år for Tysnesfest, spesielt med den artistplakaten me held på å snekre saman. Med D.D.E og Sondre Justad allereie på plass hamrar me laus med Åge & Sambandet, Fay Wildhagen og Hellbillies.
Legenda og ikonet Åge gjer sin aller siste konsert på Tysnesfest i 2024. Med nyheita om at Åge no gir seg med turneverksemd i 2025 var me sikker i vår sak, me må ha Åge og Sambandet ein siste gong på Tysnesfest. Dette blir fort sommarens store festivaloppleving!
Hellbillies har vore ein suksess sidan dei starta på nitti-talet og held framleis koken som eit av Norges beste live-band. Me er sikre på at det blir både allsong og dans på Tysnesfest når Hellbillies spelar fredag 12. juli.
Fay Wildhagen brakdebuterte i 2015 og spelte allereie det året på Tysnesfest. Når ho no spelar på Tysnesfest igjen har ho med seg eit nytt og etterlengta album, som kjem på nyåret. Fay Wildhagen er ein unik låtskriver og live-artist som me gler oss enormt til å sjå på Tysnes til sommaren.
Hellbillies
Hellbillies treng truleg ingen nærare introduksjon, men dei har altså klart kunststykket å halda seg relevant og i toppsjiktet i norsk musikk i meir enn 30 år.
Dei har spela fleire tusen konsertar over absolutt heile landet, og dette blir sjette gong dei vitjar gudeøya Tysnes!
Til tross for all denne suksessen gjennom alle desse åra fortset dei å arbeida hardt kvar einaste dag. Me gler oss enormt til å høyra slager etter slager runga over Gjerstad til allsong og god stemning!
Fay Wildhagen
Fay Wildhagen kom som eit friskt pust inn i den norske musikkfloraen i 2015. Med albummet “Snow” blei ho nominert til Spellemannspris og årets nykommer under P3 Gull, og gjorde meir enn 70 konsertar rundt om i Noreg.
2015 var også året ho spela på Tysnestfest, og me gler oss enormt til å ta imot denne fantastiske artisten.
1. desember i år slapp ho albummet “Møtested – en hyllest til Anne Grete Preus”, som kritikarane har trykka til sitt bryst. Dagbladet trilla seks i terningkast og kaller albummet “den fullkomne hylles”
Øystein Vaage seier det er fantastisk kjekt å få ut fleire av godbitane me har sikra oss til Tysnesfest 2024! Og som me skriv i presseskrivet, når Åge Aleksandersen no har fortalt omverden at dette blir hans nest siste turnerings-sommar, fekk eg ei veldig ambivalent kjensle der det vart litt trist, samtidig som eg synes det er utrulig fortjent at han no kan få ta det litt meir med ro på sine vaksne dagar. Eg blei og heilt sikker på at Tysnesfest må få takka han av på skikkelig vis. Derfor blir det ein blanding av utrulig kjekt, litt vemodig, men mest av alt fint å sjå han på Gjerstad Arena for aller siste gong, fredag 12. juli 2024!
– Det blir og utrulig stas å få ynskja Hellbillies og Fay Wildhagen tilbake i 2024. Fay kjem med sine fantastiske tekstar og eit utrulig stemningsfullt univers, og Hellbillies som nærast er blitt vårt “husband” skuffar aldri! Her er det berre til å hugsa på å ta med Ifa-pastill, for det nyttar ikkje å gå på Hellbillies-konsert med tørr hals.