Publisert av:
2/9/2010 11:42
Storsiger til damene
Sjølv med kalassifre var det som alltid i desse lokaloppgjera ein tett og tøff kamp mellom Njardar og Fitjar på Reiso-graset i går kveld. Heimelaget har ein del hurtigheit i laget og det utgjorde nok ein skilnad på laga.
– Me fekk til eit godt samspel i laget vårt og dette gjorde at det vart ein så stor siger mot Fitjar, kommenterer Veronica Skaten som spelar back på Njardar-damene.
Desse var med: Kirsti Sundal, Victoria Søreide, Karoline Dalen (2), Marita Lie Nesse (2), Reidun Kleppe, Wibecke Skorpen, Veronica Skaten, Renathe Hagen-Lunde (3), Trude Lande.
Onsdag vann Njardar 98 8-5 over Strandvik. Johannes Haugsgjerd scora eitt mål, medan Arild Flornes satte inn sju mål.