Storsiger og flott tur

Publisert av:
5/5/2010 09:59

Turen inn til idylliske Strandvik ein soldag i mai var eigentlig stort nok, men me fekk i tillegg med oss ein kjempe kamp av Njardar98 der me leda frå start til slutt.

Laget opna bra med høgt press på motstanderane. Etter kvart fekk me inn eit langskott, og etter det trilla det inn jamt og trutt. Underlaget var nok uvant (grus), som satte oss ut i fjor, men nå var me klare for revansj for eit knepet tap i fjor. Til pause var stillinga 4-0 til oss, så det var mange blide fjes som fekk ein fortjent kvild. 

Alle passa oppgåvene sine framifrå gjennom heile kampen. Spiss og midtbane samspelte godt og skåra 7 mål. Vår trygge målvakt og forsvar var svært vanskelige å passera og held nullen lenge. Til slutt vart stillinga 7-2 til oss.

Etter kampen returnerte me same vegen som me kom, over Os, som gav oss ei spennande ferd mot siste ferje. Takk til Tide mannskapet på Masfjorden som venta 2 min for at me skulle nå heim før leggetid. Vel heime på Tysnes vart me møtt med heiagjeng, flagg og noko godt å suga på.

Me oppfordrar alle foresatte og kjente til å møte opp på kampar frametter, for det ser ut som me har ein god sesong i vente.

Dei som deltok denne gong var: Arild Flornes, David Storetvedt Jordal, , Elvis Aleksis Kalvans, Håvard Helvik, Ina Borlaug, Johannes H. Haugsgjerd, Kai Roald Bergesen, Rasmus Raknes Leite, Vegard Klepp.
Oddvin Flornes – Trenar