Storsiger i Odda

Publisert av:
3/6/2012 07:27

Laurdag ettermiddag var gutelaget til Odda. Her viste gutane til tider glitrande spel og måla hagla inn.

I 1.omgong var det mykje flott kombinasjonsspel på ein og to berøringar, og dermed fekk tysnesingane tempo i spelet sitt. Njardar tok tidleg leiinga, men Odda utlikna frå eit langskot.

Njardar produserte mange sjansar, men Odda forsvarte seg godt. To mål til før pause og 3-1 til Njardar var full fortent.

I 2.omgong var det litt mindre flyt i spelet til Njardar, men til gjengjeld løsna det framfor mål. Odda hang ikkje med i svingane i det heile tatt mot eit godt trent Njardar-lag som pøste på med det eine angrepet etter det andre.

Til slutt enda det med 9-1 siger etter ein veldig god gjennomført kamp. Gutelaget ligg på andreplass på tabellen, tre poeng bak Rubbestadneset.

Desse var med: Daniell Hauge Hansen, Rolf Elling Utne (1), Henrik Malkenes, Ruben S. Lunde, Torstein Flakke (1), Lasse Skulstad (4), Simon Malkenes (2), Ørjan Pettersen (1), Benjamin Peters, Roy William Helland.