Storsiger

Publisert av:
3/5/2009 20:31

Njardar tok ei tidleg leiing i kampen og stillinga til pause var 1-0 i ein jamn 1.omgong der Njardar produserte dei største målsjansane.

Det stod likt til ca 20 minutt ut i 2.omgong. Då felte Fusa-keeperen Christian Frugård som siste mann, og raudt kort for sisteskansen. Njardar scora på den påfølgande straffen, og frå no av var det berre eit lag på bana.

Helge Flornes kom innpå som innbytar og på dei to første berøringane han hadde på ballen scora han to mål! Det heile enda med 6-0 siger til Njardar etter at Fusa fekk to spelarar til utvist etter grisatacklingar.

Desse var med: Kjartan Hagen, Robert Grønvoll, Knut S. Gjerstad, Eivind Skorpen (1), Håvard Drange, Ørjan Malkenes, Thomas Hagen, Roy Inge Korsnes (1), Ronny Hagen (1), Gunnar Hansen (1), Christian Frugård, Helge Flornes (2), Terje Vevatne, Raymond Epland, Nils E. Hansen, Tommy Bjørkelund, Vidar Storesætre.

Laurdag vann Njardar sine smågutar 14 heile 21-1 over Ulvik.