Storm Weather Shanty Choir til Tysnesfest!
28/2/2013 08:02
«A Drop of Nelson’s Blood» er Storm Weather Shanty Choirs femte album. Tittelen skriv seg frå slaget ved Trafalgar i 1805, der liket av Lord Nelson i, følgje legenda, blei bevart i ei tønne med rom som sjømennene drakk av. På denne femte plata har sjømannsrockarane frå Vestlandet latt seg inspirera av dei mørkare sidene ved sjømannslivet – tatoveringar, horer og mørk rom. Plata har hausta femmarar i både BT, Stavanger Aftenblad, Haugesunds Avis og Østlendingen, og platesleppet ble gjort framfor eit nærast fullsatt Kvarteret i november.
Storm Weather Shanty Choir er inne i sitt trettande år og dei når stadig lenger ut i verda. I fjor ble de streama nært ein million gongar verda rundt, og sidan 2009 har gjengen frå Stord vore på fire landsdekkande turnéar i Norge, to USA-turnéar, fleire jobbar rundt i Europa, og i 2011 var dei på ein tidagars turné i Japan. Sistnemnte turné blei til etter at dei blei oppdaga av japanske bransjefolk under ein showcase på Folkelarm i 2009.
Det er sjeldan kost at eit shanty-kor blir importert til Japan, og enda sjeldnare at dei blir spontant reinvitert. Hausten 2013 blir det ein ny og meir omfattande turné til landet i aust. Storm Weather Shanty Choir er kjent for sine heftige og inkluderande konsertar og ein omtale frå ein konsert i Seattle under deira USA turne i 2010 er vel beskrivande: ” Storm Weather Shanty Choir is like imagine Gogol Bordello singing shanties”
Seilskutesjømannen Haakon Vatle starta Storm Weather Shanty Choir etter å ha vore på seilas med Statsraad Lehmkuhl, kom tilbake til Stord og samla ein gjeng langhåra rockarar. Etter kvart er koret blitt kjent som eit fargerikt innspel i både folkemusikkmiljøet og i meir rocka musikkretsar og har samarbeida og spelt med forskjellige artistar som Odd Nordstoga, Purified in Blood, Aasmund Nordstoga, Dave Cloud, Sigrid Moldestad og Vamp. Storm Weather Shanty Choir er framleis outsidarar i norsk folkemusikk, og trives godt i den rollen.
Storm Weather Shanty Choir er ikke som andre kor…kom og opplev det sjølv!