Storm Weather Shanty Choir kjem til Tysnesfest
28/2/2025 10:23
Hey ho, let`s go!
Tysnesfest gler seg stort til å ønska Storm Weather Shanty Choir velkommen til Tysnesfest 2025! Med sine rå sjømannssongar, enorme energi og smittande speleglede, har dette ikoniske shantikoret frå Stord vunne hjarta til publikum verda over.
No legg dei igjen til kai på Tysnes – og me kan love ein festkveld med allsang, gåsehud og musikalsk magi!
Pressefoto: Magne Langåker
Frå Stord til verda – og tilbake til Tysnes
Storm Weather Shanty Choir har vore ei leiande kraft innan shantymusikken sidan starten i 2000. Med turnéar i alt frå USA og Japan til festivalar over heile Europa, har dei bevist at sjømannssongar ikkje berre høyrer fortida til – dei lever i beste velgåande, med ei kraft som minnar om bølgene på det ope hav!
Når Haakon Vatle og mannskapet hans no vender tilbake til Tysnesfest, er det ikkje berre ein ny konsert – det er eit gjensyn med vener. Sist dei spelte her, skapte dei stormande jubel, og det er ingen tvil om at publikum er klare for ein ny runde med kraftfulle shantyar og ekte havsalt i håret.
Shantikoret skal spela laurdag 12. juli 2025!
Hittil er følgande artistar lansert til Tysnesfest 2025:
Torsdag: Stavangerkameratene, Vassendgutane
Fredag: TBA
Laurdag: Tom Jones, Storm Weather Shanti Choir, Tobias Sten