Publisert av: May Britt Meland
2/8/2018 08:42
Storkosar seg i Oslo
G13 gjorde ein god innsats i Norwy Cup, og tok seg vidare til A-sluttspelet etter å ha havna på 2. plass i gruppa si.
Ronny Hagen fortel at gutane i siste kampen møtte eit Djerv 1919 lag som vart for sterke, og tapte 4-0.
No fyller vi dagane med andre kjekke aktivitetar som minigolf, bading og gocart kjøring.
-Sjølv om cupeventyret no er over, sit ein att med gode minner og kjekke opplevingar både på og utanfor fotballbana avsuttar Hagen.


