Store endringar ved NAV kontoret

Publisert av:
21/1/2009 08:36

NAV leiar Jan Oddvar Støle opplyser til Tysnesingen at frå 15. januar skal reiseoppgjer og frikort ikkje lenger handsamast ved lokalkontoret.

Frå denne dato skal slike krav behandlast ved NAV Forvaltning Bergen, og slik blir det for alle lokal kontor i heile Hordaland..

NAV leiaren kjem med følgjande tips til alle brukarane:

Kva gjer du?

– Du fyller ut reiserekninga (elektronisk eller på papir) med all relevant informasjon.
– Du stiftar på bilag som viser dine faktiske utgifter.
– Du fører på fødselsnummer (11 siffer) og kontonummer, og signerer.

Du legg skjema, bilag og eigedelkort i ein konvolutt og sender dei til NAV reiseoppgjer og frikort

Dersom du sender kravet direkte til NAV Forvaltning Bergen, vil du få pengane raskare inn på konto enn om du leverer til NAV lokalt.

Adressa er som følgjer: NAV reiseoppgjerd og frikort Hordaland. P.b. 6543 Bedriftsenter 5893 Bergen. Dersom du har spørsmål, kan du ringja 815 81 000.

NAV leiaren strekar under at frikort framleis blir sendt direkte heim til brukar, og at pengane kjem inn på kontor som tidlegare. Alle brukarane vil få eit skriftleg vedtak ved avslag, eller større endringar i den summensom ein har søkt om.

– Kvifor opprettar NAV Hordaland eit kontor for reiseoppgjer og frikort?

NAV leiar Jan Oddvar Støle seier at dette er eit ledd i arbeidet mot å bli eit fullverdig NAV kontor.

NAV kontoret skal ikkje ha denne type arbeidsoppgåver. NAV kontoret skal i større grad bruka tid og ressursar til å følgja opp sjukemeldte og ungdom som har droppa ut av ein skulesituasjon og som treng hjelp for å koma tilbake i arbeid eller anna aktivitet.

Reiseoppgjer og frikort skal i alle høve ut av NAV ved årsskiftet til 2010, seier Jan Oddvar Støle. Desse oppgåvene skal då overtakast av Helseføretak og Helsetenesteforvaltning.