Stor samling på Solstråleøya for medlemar
29/4/2010 06:26
Denne samlinga er berre meint som sosialt samvær og moro, – diskutera idear og rett og slett berre ha det kjekt.
Ikkje treng du ta med pengar heller, berre godt humør og ein ekstra genser. Men det kan vera lurt å ta med noko godt til mat og drikke, Om du tar noko ekstra godt med så er det fint, for då kan de dela med kvarandre og skryta av kvar sine kaker og anna gourmet mat.
Noko organisert transport er det ikkje, – kvar man i sin båt, – eller samlast i naboen sin båt, – eller de kontaktar noko i venelaget/styret om å få vera med på dette vetle vår-eventyret der ute på den vakre øya.
For å finna ut meir kan de gå inn på http://www.solstraale.no/ og lesa bloggen der (oppe til høgre). Alle medlemar er hjarteleg velkomen, – altså, fredag kveld set med Solstråleøya i fokus!
Styret