Publisert av:
27/1/2010 09:36
Stølsvandring
Sender nokre bilde frå skituren eg hadde på søndag. Snøscooteren har køyrt til 4 stølar så det er lett å ta seg fram.(Grostølen, Ådnastegen, Gjerstadstølen og Veestølen).
Turen starta frå parkeringsplassen i Solheimsdalen via Grostølen til Ådnastegen og vidare til Såto.
Før i tida var manndomsprøven å stå ned Tåkeskaret. Her er det no så tilgrodd at dette let seg ikkje gjera difor gjekk turen om Prestasætre til Gjerstadstølen. Her fann eg scooterspora att så det var lett å ta seg vidare over Bjødnastølsvatnet til Veestølen og vidare i fint terreng på vestsida av Børåsen tilbake til parkeringsplassen.
NB :Inga budeie å sjå.
Som du ser er attgroinga godt i gong på alle stølane,men på eit par har ein starta å rydda bort brakje og kratt.