Publisert av:
26/1/2015 07:58
Stipendiefond
Inntil halve avkastninga av grunnkapitalen kan delast ut kvart år dei første 10 åra. Storleiken av kvar utdeling vert fastsett av styret i byrjinga av 2015.
Dei første 10 åra etter lengstlevande sin død, skal det berre delast ut støtte til etterkomarar etter Agnes og Olav Berge sine sysken. Det vil i praksis seia nevøar/nieser og barn eller barnebarn av slike sysken.
Søkjarar må vera norske statsborgarar, busette i Noreg og mellom 20 og 30 år.
I særlege tilfelle, kan stipendet delast ut frå søkjar er 18 år.
Stadfesting på skulestudieplass må leggjast ved søknaden.
Søknadsfristen er sett til 15. februar 2015. Søknad skal sendast til Tysnes kommune, Skulekontoret, Rådhuset, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal.