Publisert av:
22/2/2012 19:15
Stiftingsmøte for Uggdal bygdelag
No har eit interimstyre jobba litt med å lage vedtekter og finne forslag til folk som har lyst å sitte i styret.
Det er no klart for å kalle inn til eit stiftingsmøte. Håpar alle som har lyst å vere med på gjere bygda til ein positiv og triveleg plass å bu kjem på møtet.
Etter at godkjenning av vedtektene og valet er gjennomført vert det høve til å komme med synspunkt og meiningar om kva bygdelaget skal drive med.
Vel møtt! 23. Febr. Kl 19.30 i Grendatun.