Sterk bortesiger til jentelaget

Publisert av:
30/4/2011 06:35

Me var litt usikre på kor me stod fotballmessig, men det skulle visa seg at Njardarjentene var både raskare, og hadde betre teknikk enn motstandaren.

Ei opplagt Renathe H. Lunde viste både skåringsteft og blikk for spelet som gleda eit “gammalt” fotballhjarta. Ho skåra sjølv 4 mål, og la opp til 4. Dei andre 10!!, (Me spelar 7-ar fotball) synte og at dette er framtida til damelaget.

Som gymlærar for ein del av desse, har eg sett kvalitetar som ikkje berre er viktig i idretten, men og i livet elles. Haldningar,humør,humor og stå-på-vilje er ord som kan brukast om desse jentene.

Dei andre som kom på skåringslista var Heidi K. Hjelland (2). Hanne Storesætre (1). Helene J. Bakke (1). Michelle R. Borgen (1).

Elles har me ein lovande keeper i 7.klassingen Ina Borlaug. Ho tok alt av det som kom av skot frå Apollo sine etterkvart svært så frustrerte spelarar. Dei hadde øvd mykje på å ta fysisk tak i motstandaren. Dette førte til irritasjon blandt Njardar-jentene. Det enda til slutt med at Hanne sin BH vart sleten sund,til stor “åtgaum” frå tilskodarane.

Neste kamp vert heime på Reiso-graset torsdag. Desse vann kampen mot Apollo : Ina Borlaug- Helene J. Bakke- Hanne Storesætre- Monica R. Borgen- AlexandraT.H.Fenne- Heidi K. Hjelland- Ida Kristine Kleppe- Renathe H-Lunde- Henriette V.Lunde- Helena B. Storesætre- Michelle R.Borgen.