Steak-aftan med stand-up show

Publisert av:
16/9/2009 12:16

Rune Bjerge er ein av Stavanger og Rogaland sin mest profilerte og populære standup-komikar.
Han har mange revyar, one-man-show og utallege standup- show på samvittigheita.

Med ein herleg blanding av magi og humor, engasjerer Kevin på mange plan samtidig. Gløym det klassiske bilete av ein tryllekunstnar, som iført kjole og kvitt,
tryllar fram kaniner frå flosshatten. Sjå heller fram til eit magisk augneblikk fylt med magi, humor og ein stor dose galskap!

Så her har me dei. Me har vore så heldige å få to utruleg flinke artistar til Mandelhuset 3. oktober! I den samanheng kjøre me ein showmeny som me hadde god erfaring med etter suksessen med Benny Borg-  konserten.

Kveldens meny blir ein steak-aftan med buffé ståande inne i restauranten. Der vil kjøkkensjefen vår Ronnie, “trylla” fram mykje godt kjøt av finaste kvalitet på skjerefjøla si.

Me tek sikte på å gå til bords kl 19:00 og det blir denne gongen 20 plasser i restauranten i tillegg til 30 i Sjøhuset. Ikkje nøl, bestill i dag!

Pris for billett kun show: 200kr

Pris for billett og steak-aftan: 500kr

Show startar kl 21:30. 3 oktober.

 

Det er begrenset antall billetter til både show og meny, så her er det berre til å kasta seg på telefonen!
Billetter får du kjøpt på mandelhuset torsdag – søndag.

Ting billetter eller showmeny på tlf eller e-post:
Mandelhuset direkte: 53432100
Patrick: 48198346
e-post: patrick@mandelhuset.no