Publisert av:
19/1/2009 13:15
Startar opp att
Strikkekafè er ein populær aktivitet, og det er heilt uformelt og uforpliktande for dei som er med. Treng nokon hjelp med strikking, kan dei få det her. Sjølv om det heiter Strikkekafè, treng du ikkje ha med strikk for å koma. Ta med eit anna handarbeid om du har, eller kom berre inn for å prata og sjå kva andre gjer. Har du lyst å vera med, så møt opp.
Denne våren vert det berre eit kurs: ”Tysneskone” v/ Britt Kjellesvik Rage. Dette er kurs som ho har rundt i heile fylket, og me synest det er kjekt at me no får henne til å ha kurs her og. Synest du dette høyrest spennande ut, så ring 90163625 for nærare informasjon.