Stein Aanesen har hatt glede av å driva med friidrett og å ta idrettsmerket.

Sprek jubilant i friidrett

Publisert av: May Britt Meland
4/2/2020 20:41

Stein Aanesen (70) har vore ein ivrig og stødig idrettsmerketakar i Tysnes IL. I fjor haust greidde han med glans krava for 50. gong.

Den pensjonerte legen har heilt frå ung alder vore interessert i friidrett, og idrettsmerket var noko han tidleg fekk glød for.

-Både éin av onklane mine og morfar min dreiv med idrettsmerketaking. Morfar i Oslo hadde m.a. den flotte statuetten (spydkastar i bronse) i samlinga si. Som liten syntest eg den var så stilfull at eg bestemte meg for å ta idrettsmerket og samla nok poeng til at eg òg ein gong kunne ha ein slik vakker statuett, fortel Aanesen.

Holmenkollstafetten

I løpet av desse 50 åra har han greidd krava til alt i samband med utmerkingar knytte til idrettsmerket. Det omfattar idrettsmerket i bronse, sølv og gull, statuetten, kruset, miniatyrstatuett i bronse, idrettens Heiderspris, 40-årsmerket med NIFs diplom og no 50-årsmerket med NIFs diplom. På Tysnes er det berre Asle Bernt Rekve som elles kan visa til idrettsmerketaking gjennom 50 år, det var i 2017.

-Eg var 18 år då eg fyrste gong tok idrettsmerket. Den gongen budde eg på Sørlandet og var med i Tverdalsøen og Flosta IL. Var aktiv på ulike måtar i dette idrettslaget, til og med som formann ein periode. Friidrett hadde eg glede av, og under åra på Sørlandet var eg med i Holmenkollstafetten for Tvedestrand IL. Ei kjekk oppleving. Seinare i livet har friidrett alltid vore gøy å driva med, særleg kast med ball og spyd, nemner jubilanten, som generelt likar å trimma. Det kan elles takast med at han i mange år har vore ei eldsjel og viktig drivkraft i Tysnes symjeklubb både som trenar, i styrefunksjonar og på andre måtar.

Lett i hamsen

I den vesle flokken med merketakarar imponerer framleis Tor Ottersen. 86-åringen er nok den eldste på Tysnes som nokon gong har greidd krava til idrettsmerket. Han held seg i god form, er lett og spenstig i hamsen og flink til å gå turar og vera i aktivitet.

I styrkeøvinga tek Tor Ottersen kroppsheving i bom. 86-åringen tek dagleg fleire slike kroppshevingar heime hos seg sjølv.

Det er ikkje mange som har interesse av å ta idrettsmerket. Det har liksom ikkje nokon appell. Slik treng det ikkje vera, for det er mange spreke folk som ville synast det var inspirerande og utfordrande å greia desse krava. For dei som trur at krava er for krevjande, kan det opplysast at det innafor dei ulike øvingane er fleire måtar å oppfylla krava på. Greier ein t.d. ikkje kravet på 60 meter, kan ein symja 25 meter eller sykla 400 meter. Dei som i mange år har vore med på dette fellesskapet, synest det er kjekt både sportsleg og sosialt.

Merketakarane i 2019 (tal gonger i parentes):

Stein Aanesen (50)

Tor Ottersen (35)

Arvid Gaugstad (35)

Anne Merete B. Dalland (34)

Hans Ole Dalland (34)

Arvid Økland (32)

Lars Petter Epland (28)

Smilande gjeng som synest det er kjekt med idrettsmerketaking. Frå venstre: Stein Aanesen, Anne Merete B. Dalland, Lars Petter Epland og Arvid Økland.

 

Tekst og foto: Hans Ole Dalland