Spanande å trekke teiner

Publisert av: Martha Nygård Lande
20/10/2019 09:32

Elevane på Blå skule jobbar godt, både på sjøen og på land.

Dei har hatt ute teiner, og fått både hummar, krabbe og fisk. Nokre av hummmarane har hatt rogn, eller vore for små, så dei er sluppe ut i sjøen igjen.

 

Det er blitt laga ny trapp til hønsehuset, slik at det er lettare for kyllingane å gå inn og ut, og det er gjort reint inni hønsehuset.

Litt rydding av skog har dei også fått tid til. Dei har har hogd ned to tre og fliskutta greinene, og båten har fått nytt ilefeste.

 

Kos rundt bålpanna høyrer også med etter godt arbeid.