Sopptur med soppkontroll

Publisert av: May Britt Meland
1/9/2024 09:20

Er du glad i sopp, men usikker på kva sortar som er trygge å eta? Då må du nytta høvet kommande søndag, 8. september. Saman med Astri Dalland og Gjertrud Jensen frå Bergen sopp og nyttevekster kan du gå på sopptur med soppkontroll på Tysnes.
Staden er Myklestadskogen, med oppmøte ved Heiavegen 23 klokka 13.

Me går ein tur i området og avsluttar med soppkontroll ved dagsturhytta. Her kan du få kontrollert soppen du har plukka. Du kan og ha med sopp du har plukka andre stader, og få kontrollert denne av sertifiserte soppkontrollørar.

Nytt sjansen til å læra meir om sopp!

Vel møtt.

Arrangementet er gratis.

bergen.soppognyttevekster.no

Kontaktperson; Astri Dalland (aztrid@online.no/97516447)