Publisert av:
13/4/2010 20:44
Songglade skuleelevar
Tysneshallen var fullsatt av elevar, lærarar, foreldre og mange andre då ein inviterte til felleskonsert for alle skulane i hallen.
Etter mykje øving og førebuingar, var det i kveld klart for samling til konsert. Det var song, musikk og dans med kjempeflinke elevar. Fyrst var det eit par songnummer frå kvar skule, før ein slutt samla alle skuleelevane til felles song til slutt.
Etter rapportane å høyra så var dette ein kjempefin oppleving for alle!