Søndagsopne butikkar

Publisert av:
24/3/2015 10:14

I undersøkinga kunne ein denne gongen stemme på kva du meiner om søndagsopna butikkar heile året.

771 stemmer kom inn.
Flest har stemt at søndagsopne butikkar er heilt unødvendig, ein treng litt fri 36% (278).
Bryr meg ikkje har fått nest mest stemmer med 26 % (200).
15 % (116) meiner søndagen skal vere kviledag.
7% (54) er i mot det, men seier dei kjem til å nytta tilbodet.
6 % (45) meiner dette er supert; det vil letta kvardagen.
Dei to alternativa som har fått minst oppslutnad er: Burde vore sjølvsagt, og Flott, kan gje jobb til fleire, som kvar har fått 5% (39) av stemmene.

Totalt ser ein då at 58 % er i mot at det skal verta søndagsopne butikkar. 16% er positive medan 26 % ikkje bryr seg.

Ny undersøking!
Debatten om politireforma er stor over heile landet. Utfallet vil også påverke Tysnes.
-Trur du Tysnes vil koma godt ut etter at politireforma, med færre og større politidistrikt er gjennomført?

Sjå alternativa og gje di stemme på Tysnesingen.no!