SommarTrim Tysnes

Publisert av:
26/7/2016 12:27
Ingrid Haaland i Tysnes Breiband er overvelda over responsen på SommarTrimTysnes der deltakarane samlar poeng ved å gå fjellturar. Sommartrimmen starta 1. mai, og det er til no registrert omlag 6800 innsjekk på dei 30 turmåla!
Det er ca 250 aktive deltakarar, og mange går på tur både morgon og ettermiddag, – nokre kvar einaste dag! Det blir trekt premiar blant alle deltakarane, men det er nok poenga som gjer at dette engasjerer og får folk i aktivitet!
Turane er spreidd over heile kommunen. Dei som gjev flest poeng er bratte og krevjande, mens andre er flatare og ganske korte.
 
– Det ser ut til at deltakarane har sine favorittar som dei vitjar mykje, men i tillegg er dei rundt i kommunen og sjekkar inn på ulike turmål etter kvart. Fleire har gitt tilbakemelding om at dei set pris på karta og turforklaring til stader dei ikkje har vore tidlegare, forklarar Ingrid Haaland. Ho opplyser at på enkelte turar kan det vera greitt å ha lange klede sjølv om det er sommar og fint. Til Nesevarden og Liafjellet er det er mykje flått, og på veg til Kongshaug der det for tida ein del klegg.
#SommarTrimTysnes.
 
Sommartrimmen er samkjørt  med nokre lokale arrangement, og på søndag blir det ekstrapoeng på motbakkeløpet BlåbærhaugenOpp. Neste helg er det ekstrapoeng i samband med Såtetrimmen.
 
Tysnes Breiband har SvingenPuls og Tysnes Treningssenter som samarbeidspartnarar i sommartrimmen, og gruppetimar på desse sentera gjev også trimpoeng. Dei som ynskjer å bli med på sommartrimmen må lasta ned appen Trimpoeng og ha mobiltelefon med GPS, sjå meir på nettsida til sommartrimmen: http://www.trimpoeng.no/i/sommartrimtysnes/