Sommarfest

Publisert av:
11/6/2013 19:01

Dette er noko som har utspring frå “Gamleheimen” på Hovland. Ein

gong i mnd møtes ein gjeng med damer, på Onarheimsida, og speler Bingo og 

har sosialt samvær. Mange av dei har også vore Besøksvenn på Hovland. 

Det er også fast ein Adventfest i desember. Pengane som kjem inn på 

Bingoen vert nytta til å dekka kostnadane med desse samlingane. I 

tillegg til desse damene vart det også innvitert andre pensjonister så 

me var 27. stk til samam. Ordføranen hadde også takka ja til 

innvitasjonen og held ein liten tale der han bl.a kom inn på planane om 

ny sjukeheim. Elles vart det servert kaffi og kaker og drøsen gjekk godt 

rundt bordet. No når Hovland vert nedlagt vil me fortsatt prøva å møtast 

1 g i mnd og halda fast på desse samlingane.

 

Skulle det vera nokon som har lyst å vera med å spela Bingo,

ta kontakt med Tysnes Frivilligsentral, tlf 94052087.