Søknad om plass i barnehage for barnehageåret 2018/2019
10/1/2018 10:45
For barnehageåret 2018/2019 har Tysnes kommune ledige plassar i følgjande barnehagar:
ONARHEIM BARNEHAGE
STJERNEREISO BARNEHAGE
VÅGSMARKA BARNEHAGE
LUNDE BARNEHAGE
Det kan søkjast plass 3, 4 eller 5 dagar pr. veke.
Søknader som er registrert pr. 1. februar 2018, vil vera avgjerande for kva driftsmessige endringar som evt. vert føreteke frå hausten av.
For barn som har plass inneverande barnehageår treng ein ikkje søkja på nytt, men det må gjevast melding til barnehagen om ein ønskjer å behalda plassen , evt. endra dagar/redusera/auka tal dagar osb.
Søknaden vert handsama ut i frå dei opplysningane som kjem fram på søknadsskjemaet, og etter gjeldande Vedtekter for barnehagane i Tysnes kommune pkt. 7 OPPTAK – OPPTAKSKRITERIER. Ein tek atterhald om at søknad om differensierte plassar ( 3, 4 d/v) må kunne samordnast slik at barnehagen sine ressursar vert nytta på beste måte.
Søknadsskjema finn ein på Tysnes kommune si heimeside.http://www.tysnes.kommune.no/barnehagar.321816.nn.html
Barnehage – ny plass
Søknaden må sendast innan 1. februar 2018.