Publisert av:
4/12/2011 14:13
Sogeskrift og kalender
Tysnes Sogelag hadde sitt sogesodd i helga. Staden som var vald for den årlege samlinga var i år Kongsvik Grendahus.
Ernst Berge Drange, som har sterke røter til Tysnes og som har skreve dei fire gard- og ættesogene for Tysnes, var gjesteforelesar.
Årets sogeskrift og sogekalender for 2012 vart også gitt ut. Alle som er medlem får sogeskriftet og kalendaren tilsendt, men desse kan og kjøpast utanom. Sogeskriftet kostar 175 kroner, kalenderen kostar 125 kroner.
Sogeskiftet for 2011 tek for seg alle grendaskulane som har vore på Tysnes frå slutten av 1800-talet og frametter, då det i den tida vart satsa stort på grendaskular i kommunen. I sogeskriftet finn ein mange flotte bilete frå tidlegare tider, både av skulebygga og tidlegare elevar.