Snudde 0-2 til 3-2

Publisert av:
4/10/2010 21:23

Heimakampen i vår vann Njardardamene heile 24-0, men det viste seg snart at me møtte eit heilt anna lag og spelarar denne gong (noko me rekna med!).

Etter ein jamn opning på kampen tok Flakveit over og scora på ein corner omlag midtvegs i 1.omgong. Etter dette datt Njardar litt nedpå og Flaktveit scora enno eit mål før pause då ein midtbanespelar fekk skyta upressa frå langt hald i lengste hjørne for keeper.

2.omgong starta best mogleg for Njardar etter to velplasserte skot frå Marita i løpet av dei første 10 minuttane. Utover i omgongen skapte Njardar fleire 100%-sjansar etter godt spel der ein kom rundt på kant og fekk lagt tilbake i feltet, men avslutningane gjekk enten utanfor eller i treverket. Omlag 5 minutt før slutt spelte Marita seg fri og sette kontrollert inn sitt tredje mål for dagen.

Sjølv om laget sleit ein periode i 1.omgong, heva alle seg i 2.omgong med god jobbing og ståpåvilje. Dermed 3 viktige poeng i kampen om 3.plassen på tabellen.

Laget: Kirsti Sundal, Veronika Skaten, Reidun Kleppe, Wibevke B. Skorpen, Karoline Dalen, Marita Lie Nesse, Renathe Hagen-Lunde, Ane Vermedal, Marit H. Helgesen og Malin Kongsvik.