Snart kjem det ny asfalt
10/6/2021 17:36
Mange av oss har blitt ståande og venta like ved avkjøyringa til Godøysund i dag. Ei gravemaskin er i full gong med rensing av grøfter og kantar langs vegen.
Vakta som har ansvar for den manuelle dirigeringa fortel at det vert klargjort til asfaltering. Det skal asfalterast på strekninga like før avkjøyringa til Godøysund i retning Lunde til “sago på Vadla”. Grøftar må rensast nøye slik at det ikkje er jord, gras og mose på eksisterande asfalt før den nye asfalten vert lagt.
Trafikken har i dag vorte stansa i begge retningar i intervall på 15 minutt.
I morgon, fredag 11. juni, vil arbeidet foregå på ei strekke der berre delar av vegbanen vert stengt, og det vil være mogleg å passere.
Arbeidet vil halda fram med intervallstenging utover i neste veke, så det kan være lurt å rekna seg litt ekstra tid.