Slukka brann i klede med nevane

Publisert av:
28/8/2011 07:28

Det var klokka 19.06 laurdag kveld at Hordaland politidistrikt fekk melding om at det var tatt fyr i kleda til ei lita jente på ein speidarleir. Jenta måtte sendast med luftambulansen til Bergen.

Den eine leirdeltakaren måtte bruka nevane til å slukka brannen i kleda til jenta. Dette skjedde på ein speidarleir på ein stad på Tysnes melder BA.

Nokon skal ha kasta noko brennbar væske på bålet, som førte til at flammane vart høgare. Deretter kom det eit vindkast som kasta flammene mot jenta, og kleda hennar tok fyr.

Luftambulansen rykka ut, samt at lensmannskontoret på Tysnes vart varsla.