Slekt på data – for tredje gong

Publisert av:
7/12/2011 18:17

Også denne gongen har responsen vore god, om enn ikkje like bra som på dei to første kursa – kanskje ikkje så rart, all den stund dette er det tredje kurset på to år. Det fortel sitt om kor populært og utbreidd det er med slektsgransking.

Som på dei tidlegare kursa har Erling Utne undervist i bruken av dataprogrammet Legacy og Digitalarkivet, medan Knut Rage snakka litt om korleis ein kan leita etter opplysningar og kjelder i ein vidare forstand. I dag legg ein gjerne vekt på å finna fram til biografiske opplysningar om slekta og å setja dei inn i ein lokalhistorisk samanheng.

Gjesteforelesar på dette kurset var slektshistorikaren Bjarne Hauge, opphavleg frå Hatlestrand. Han publiserte i fjor første bandet av Slektsbok for Kvinnherad. Sjølv om emnet for kurset er “slekt på data” har Hauge arbeidd på gamlemåten, og viste fram nokre eigenhendig teikna slektstavler som kunne ta pusten frå nokon kvar. Det var interessant å høyra korleis han arbeidde med stoffet.

I januar skal kursdeltakarene på ekskursjon til det nye statsarkivet i Bergen, og seinare på vinteren vert det ei samling for alle som har delteke på kursa.