Publisert av:
20/8/2009 15:06
Skulestart
I dag var det skulestart på Tysnes. For dei mange seksåringane som hadde sin fyrste skuledag var det nok ein stor dag. Dei som går i ungdomsskulen var kanskje ikkje lika oppglødd som fyrsteklassingane..?
Ein merkar godt når skulen byrjar att. Det blir straks litt meir liv langs vegane. Born og unge som går til og frå, og skulebussar og lærarar til og frå jobb gjer at trafikkbilete vert annaleis enn i dei to foregåande månadane.
Dei fleste syns nok at det kan vera greit å koma inn i den vante tralten!