Skule og barnehage på gult nivå ut veke 47
18/11/2021 20:14
Skule og barnehage er på gult beredsskapsnivå
Tysnes kommune melder i dag at skule og barnehage er på gult nivå til ut veke 47. Dette for å avgrense nærkontaktar og eventuell smittespreiing.
Her finn du informasjon om kva dette betyr i skulen.
Her finn du informajon om kva dette betyr i barnehagen.
Pågåande smitteutbrot
Siden fyste positive koronatest i det pågåande smitteutbrotet starta onsdag 3. november, er det per 17. november påvist 42 koronasmitta i Tysnes kommune. Smitteutbrotet har først og fremst vore i skulane, men har også spreidd seg til andre aldersgrupper.
Dei siste vekene har det vore stor testaktivitet, både med PCR-testar på legekontoret, og med hurtigtestar.
Kommunen setter pris på at folk følgjer anbefalingar, og at folk testar seg når det er grunn til å gjere det. Dette hjelper til med å gje kommunen betre oversikt over omfanget av smitten, og hjelper oss med å gjere mest mogelig treffsikre tiltak, og gje betre råd og anbefalingar.
Anbefalte smitteverntiltak
Kommunen går vekk frå den generelle anbefalinga om å utsetta treningar, samlingar og arrangement. Dette er bestemt utfrå:
- Stor testaktivitet dei siste vekene har gjeve oss betre oversikt over smittesituasjonen i kommunen.
- Nye smittetilfeller er no i hovudsak kjente nærkontaktar eller medlemmar av husstandar med påvist smitte.
Det aller viktigaste no er at alle med nyoppståtte eller uavklarte luftvegssymptom held seg heime og gjennomfører testing.
Arrangement:
- Ved gjennomføring av arrangement bør ein syta for at det er muligheit for å halde avstand
- Ha god tilgang på hånddesinfeksjon til alle gjester
- Det bør oppmodast om at inviterte gjestar som har luftvegssymptom, er definert som nærkontakt eller høyrer til husstand med smitte, ikkje kjem på arrangementet
Me vil i tillegg komme med følgjande generelle anbefalingar:
- Hald avstand til andre der det er mogelig i det offentlige rom, gjerne ein meter.
- Vurder bruk av munnbind dersom det ikkje er høve til å holde minst ein meters avstand innandørs i det offentlige rom.
- Vurder bruk av heimekontor når det er mogelig.
- Reduser talet på nærkontaktar.
Meir informasjon om status i kommunen finn du på Tysnes.kommune.no