skjult

Publisert av:
31/7/2013 22:00
Tysnes barnevernteneste søkjer etter  to besøksheimar i høve to born. Me treng vaksne med tid, rom og overskott ei helg pr mnd, samt til eventuell bistand på ettermiddagstid/timesavlastning. Til begge oppdrag bør det ikkje vere yngre born i familien.
Føresetnaden for å bli besøksheim er at familien/personen har ein stabil livssituasjon og kan bidra til å gje barnet trygge rammer i eit forutsigbart miljø.
 
Barneverntenesta tilbyr rettleiing  til dei som er besøksheimar.
Søkjar må vere fylte 18 år. 
Det må leggjast fram politiattest.
Oppdraget vert avlønna etter KS sine til ei kvar tid gjeldande satsar for besøksheim.
Tilsetjingstilhøve: oppdrag.
Arbeidstid: 1 helg pr månad og/eller eit nærare angitt timetal pr veke. 
Kontakt:
Kst. Barnevernleiar  Ingvild A. Hustad, tlf 91 91 02 17 eller 53 43 70 69, e-post: ingvild.a.hustad@tysnes.kommune.no