Skitur 333

Publisert av:
2/1/2010 19:01

Det har vore fantastisk vintervér den siste tida. Og dei som har vore på fjellet har verkeleg fått opplevd kor vakkert det er i kulden.

På Tore Økland, som har tatt desse bileta, sin skitur frå Skjolda til Gjerstadstølen 333, så tok ikkje austavinden så mykje på denne sida av Tuefjellet, fortel han.

– Det var litt tungt å brøyta løype. Framturen gjekk i turløypa, medan tilbaketuren gjekk over Gjermevatnet og treffte 60 breiddegraden på 300 meter høgde søraust om Gjermevatnet, seier han.