Skiltar fjellturar

Publisert av:
20/6/2012 20:41

Tore fortel at no er startskilta på Gjerstad og Dalen på plass. 5 turar frå kvar stad.

– Eg har prioritert stigrydding og merking i fjellet. 50 undervegsskilt er laga og utplassert  og  det er montert postkasse på Ramnanuten og Ilefjellet, opplyser han.

Frå før var det postkasse på Gjerstadstølen og Tuefjellet.

– Starttavlene og segntavlene manglar, men vert montert så snart dei kjem til øya, seier Tore.