Sjøvettsleiren 2011
20/6/2011 18:50
I år var det 25 stk. frå 9 til 12 år som tok Sjøvetdiplomen.
Det var nok ein utfordring for mange å ligge i telt uten pårørande som passa på, men dei fant seg fort til rette og lærte seg til at dei måtte forhalda seg til andre i leiren.
Utan om det faste innhaldet med Sjøveisreglar, Sjøvettsreglar, Førstehjelp, Knutar og Roing vart det og tid til både bading og grilling.
Me hadde også besøk av Lorentz frå lensmannskontoret på fredag, Torfinn frå brannvesenet med brannbil på laurdag og Sjøredningspatruljen frå Hjellestad med ”Bjarne Kyrkjebø” på søndag, det var innslag som dei sette pris på.
Me trur alle hadde ei positivt utbytte av leiren. I alle fall me i komiteen var nøgde både med oppførsel og gjennomføring som deltakarane viste. Me er også glad for alle som brukte av fritida si til å hjelpa til der det trengst, både korpsmedlemmer, foreldre og bygdafolk ellers. Forbruksmatriellet fekk me frå bedrifter på Tysnes
Dette er grunnen til at me kan gjennomføre sjøvettsleir til den prisen me har.
Komiteen for sjøvettsleiren 2011
Tysnes Røde Kors