Sjøsportveko 2015
19/7/2015 22:00
Sjøsportveko fokuserer på mestring på sjøen gjennom ulike aktivitetar. Eit viktig moment i undervisninga er tryggleik og sjøvett. Dette starta me opp med fyrste dagen, etter å ha delt deltakarene opp i tre grupper. Det vart lagt til tre postar på programmet som alle gruppene skulle gjennom. Sjøvett, knutar og stikk – seglteori og båt-tilvenning på sjø var emna som blei gjennomgått måndagen.
Dei tre neste dagane hadde deltakarane aktivitetar gruppevis heile dagen. Dette bestod av optimistjollesigling, oselvarsigling og padling med kajakk. I tillegg fekk alle øva seg som båtførar og mannskap på RS “Tysnesøy” – den nye eliasbåten.
I lunsjpausane fekk dei som hadde lyst vera med å kolsigla optimistjoller i lag med erfaren instruktør. På slutten av dagane var det tid for bading og vannsport – men ikkje før alle hadde rydda på plass og spylt båtar og utstyr.
Sjøsportveko vart avslutta på fredag med ein spanande stafett på 9 etappar. Der fekk dei tre gruppene konkurrera mot kvarandre i sigling, padling og symjing. Til slutt var det duka for premieutdeling, grillfest og enda meir bading, før både trøtte born og vaksne kunne ta helg og sjå tilbake på ei kjempefin veka på fjorden.
Siglarlaget Njord Tysnes vil retta ei stor takk til alle som var med å bidrog. Sjøsportveko er ein kjempefin arena for born å utvikla seg i det våte element i sunne trygge former.
Tekst & foto: Vegard Aslaksen
[youtube]g27p0TMl7jM[/youtube]




