Publisert av: Martha Nygård Lande
16/9/2023 08:56
Sjølvbetjent galleri i Våge
No kan du kjøpe kunst i det sjølvbetjente galleriet i Våge.
Galleriet er i bygget til Svingen Puls, ved sida av Ivyelli.
For tida er det 10 kunstnarar som har bileta sine utstilt.
Ved sida av kvart bilete heng ein lapp med navn på kunstnaren, pris på bilete og VIPPS nummer.
På facebooksida til Våge Sentrum står det at dei ynskjer alle velkommen inn til og sjå på kunsten, medan du i samme slengen kan kjøpe knallgod kaffi hos Ivyelli.