Publisert av:
13/3/2009 13:41
Siste storband på plass
– Det er ei stor æra for Tysnesfest å kunna presentera at endeleg er det klart at Tarjei Strøm tar med seg Ralph Myerz & The Jack Herren Band heim til Lunde under Tysnesfest fredag 10.juli, opplyser Sigvard Madsen til Tysnesingen. Dette er det siste storbandet som no har skrive kontrakt med Tysnesfest 09.
Tarjei Strøm har slekt som kjem frå Lunde og konserten blir i ‘londabygdo’, der Vassbakken er ein mogleg arena.
Ralph Myerz & The Jack Herren Band er eit electronicband, og er kjend både i Norge og Europa for dei gode liveshowa deira. Medlemane i bandet har uttalt at dei er fans av Kiss og dette har hatt stor innvirking på liveshowa deira.
Billettsalet til Tysnesfest 09 starta i dag fredag og kan kjøpast via www.billettservice.no.