Publisert av:
23/2/2017 07:33
Siste samling
Då har siste samling av sy og strikkekveld og siste kveld i regi Ukraina på Onarheim skule gått av stabelen.
Me samla inn det som er strikka som Åshild skal ha med seg til Ukraina i midten av Mars. (16.03)

Ho takka og var tydeleg imponert og rørt over alt som var laga.
Me var litt uheldig med tidspunkt med tanke på at det var arrangement i Onarheim kyrkje,så oppmøtet var ikkje det heilt store. Men me som hadde møtt opp koste oss med spøt, kaffi og kaka.
Totalt av kaffi/kakesal under desse 3 samlingane (litt i underkant av 1000,- ) har Åshild fått til innkjøp av tøybleier som skal pakkast ilag med ullbukser som er strikka. Dette skal sendast med trailer.
Tekst og bilde: Anne Langeland.