Siger i siste

Publisert av:
28/10/2011 16:45

I går kveld var Njardar sitt gutelag til Husnes for å møta Trio 2 til sesongens siste kamp. Dei kunne reisa heim att med solid siger i bagasjen.

Heile 6-0 vann Njardar. Dei opna kampen med ein noko utradisjonell formasjon. Men offensive 3-3-4 gav tydelgvis resultat, for før domaren hadde blese til pause hadde Njardar scora seks gonger.

Etter kvilen gjekk det litt trått. Trass mange sjansar vart det ikkje fleire scoringar. Men likefullt ein flott sesongavslutning. Gutelaget kom til slutt på 4.plass.

Målscorarar mot Trio: Simon Malkenes, Aksel Lande, Tommy Gundersen (2), Daniell Hauge Hansen (2).