Sesongens siste
25/9/2016 18:00
Sesongens siste Pitch & Putt Open turnering på Dalen Golfbane gjekk av stabelen med 21 deltakarar.
Noko vind men elles gode speleforhold.
I tillegg til vinnarar av dagens turnering, vart vinnarane av årets Tysnes Cup kåra.
For å telja med i Tysnes Cupen må ein ha spelt minst 3 av årets turneringar.
Dei 3 beste rundane for den enkelte deltakar er teljande.
Vinnarar av turneringa 24/9 vart:
Brutto: Anders Langeland, Kristornskogen GK, 52 slag
Netto: Atle Andersland, Tysnes GK, 48 slag
Tysnes Cup brutto:
Nr. 1: Anders Langeland, Kristornskogen GK, 153 slag
Nr. 2: Jan Åge Sande, Kristornskogen GK, 157 slag
Nr. 3: Arne Strandenes, Kristornskogen GK, 160 slag
Tysnes Cup netto:
Nr. 1: Arne Strandenes, Kristornskogen GK, 151 slag
Nr. 2: Vidar Lid, Tysnes GK, 151 slag
Nr. 3: Arne Dalsgård, Tysnes GK, 155 slag
Fullstendige resultatlister vert lagt ut på tysnesgolf.no.
Tysnes Golfklubb gratulerer og takkar alle årets deltakarar så mykje for ein fantastisk Pitch & Putt sesong !
Me ser fram til sesongen 2017 !
Dei 3 beste i Tysnescupen like før start på hol 1.
Far og son Leknes som begge spelte framifrå!
Tekst og foto: Tysnes Golfklubb